“Gjennom å sjå kvar vi har vore,
kan vi sjå kvar vi skal."

Hvorfor fortiden forteller?

Korleis må det ha kjentest for dei første menneska å setje fot i ei ny verd? Å tre inn der ingen hadde gått før, og vite at verda låg open framfor dei?

For tusenvis av år sidan la våre forfedrar dei første steinane i det som seinare skulle bli samfunnet vi lever i i dag. Og sjølv om ingen kan vite det heilt sikkert, er det mogleg at den kjensla dei bar på i akkurat det augneblikket, ikkje var så ulik den vi sjølv kan kjenne i vår tid.

Vi lever alle i notida.

Men vi veit at alt som hender, straks vert fortid. Enten det vert foreviga, gløymt for alltid, eller stille sletta når vi sjølve er borte.
Slik lever vi alle på randa av ei endelaus bølgje av minne.

Og ein kan tenkje seg at det einaste varige vi legg att, er dei minna og dei forteljingane som har fått nok kraft og verdi til å bli førte vidare, frå generasjon til generasjon. Kor lenge våre forteljingar vil bli fortalde, kan ingen vite. Utviklinga går raskare enn nokon gong, og sjølv om vi no kan digitalisere minna våre som aldri før, druknar dei lett i straumen av informasjon.

Fortiden Forteller er fødd av eit ynskje om å sjå attende med nye auge. Å gje våre forfedrar ei ny røyst og løfte fram forteljingane deira i eit anna lys.

Korleis jobber vi?

Måten vi utviklar forteljingane på denne sida, har vore under arbeid i lang tid og byggjer på fleire overlappande metodar.

Arbeidet byrjar med å samla gode historier frå nærmiljøet vårt. Alt frå munnlege forteljingar og bygdebøker til tinglysingspapir, postkort, gamle fotografi, måleri og mykje meir blir samla inn, daterte og kartlagde. Men historiske bilete eller måleri viser ofte berre eitt perspektiv. For å skapa ei oppleving der ein kan sjå heile omgjevnadene, treng vi derfor mange ulike kjelder som kan hjelpe oss å rekonstruera eit heilskapleg bilete. Vi nyttar ein kombinasjon av 360-kamera, fotogrammetri, punktskyer, 3D-modellar og bileteteknikar for å laga dei endelege opplevingane.

Målet med arbeidet vårt er å formidla dei fysiske sidene ved historia vår. Samtidig ønskjer vi at andre også skal kunna gjera det same. Difor er planen vår ikkje berre å dela sjølve historiene, men også metodane bak. Vi kjem til å leggja ut både instruksjonar og eksempelfiler slik at fleire kan skapa liknande opplevingar. Vi ønskjer dykk lykke til med arbeidet og håpar det kan inspirera!

Historisk truverd

Mange av dei historiske kjeldene vi brukar, er av dårlegare grafisk kvalitet eller manglar fargar. Difor kan vi ikkje alltid garantera at opplevingane vi skaper, stemmer fullstendig med korleis historia faktisk såg ut. I liknande medium er historisk nøyaktigheit ofte eit svært viktig tema, og med god grunn.

Men målet med Fortiden Forteller er ikkje nødvendigvis berre å visa dei sidene av historia som det finst tydelege historiske bevis for. Slike bilete og kjelder kan ein allereie finna i gamle fotografi og historiske arkiv. Det vi ønskjer, er å løfta fram dei sidene av fortida som elles ikkje blir viste.

Vi prøver så langt det let seg gjera å vera trufaste mot historia. Difor set vi stor pris på om nokon oppdagar noko som verkar feil i forteljingane våre – ta gjerne kontakt, så kan vi retta det opp. Slike tilbakemeldingar er noko av det mest nyttige og spennande vi får, så ikkje nøl med å seia frå!

Våre samarbeidspartnarar:

Fortiden Forteller er stolte av, og takksame for, samarbeidet med ulike lokale lag og foreiningar som ønskjer å løfta fram og formidla verdiane i historia vår. I dei noverande prosjekta kan vi mellom anna nemna:

Fortidsminneforeininga Gaular Sogelag Bygstad Utvikling
Alle bidreg med støtte og historisk kunnskap til arbeidet vårt.

Korleis kan eg hjelpe?

Vi er alltid på utkikk etter nye historier å løfta fram. Kanskje kjenner du til ei hending, ein stad, eit menneske eller ein lokal tradisjon som fortener å bli delt med fleire? Då vil vi svært gjerne høyra frå deg! Om du sit på gamle bilete, brev, gjenstandar, eller berre har ei god forteljing som har gått vidare gjennom familien eller bygda, er dette verdifullt for oss. Ingen historie er for lita – somme av dei mest rørande og lærerike glimta frå fortida kjem frå kvardagsliv og personlege minne.

Vi kan hjelpa deg med å gjera historia di tilgjengeleg for andre, både på fortidenforteller.no og eventuelt på dine eigne sider eller kanalar. Saman kan vi bidra til å ta vare på og formidla den rike kulturarven vår, slik at ho ikkje går tapt, men kan bli opplevd av nye generasjonar. Så ikkje nøl med å ta kontakt! Di historie kan vera med på å forma korleis framtida ser tilbake på fortida.